Meny

Lenke til KFFs hjemmeside

Lenke til http://www.kristneskoler.no

Rektor Stord Kristne Skule

Ledig stilling for rektor til Stord Kristne Skule

Stord Kommune

Kommunen ligg sentralt mellom Stavanger og Bergen. Øya har ca. 18 000 innbyggjarar, fastlandssamband, eigen flyplass og golfbane. Det er også mange flotte turstiar i skog og fjell som ein kan nytta. Stord har et mangfaldig menigheitsliv og eit rikt kultur- og idrettstilbod.

Stord Kristne Skule

Arbeidet med å starte skulen byrja i 2011. Vi har nå godkjenning for 150 elevar, 1-10 klasse med SFO, og avtale om å få leige eit bygg som vi er i ferd med å få godkjent. Bygget er i Sagvåg, som er sentralt i forhold til kommunane rundt. Målet er å starte opp hausten 2017. Skulen vil være fådelt og begynne med tre grupper, 1-4 trinn, 5-7 trinn og 8-9 trinn.

Stord Kristne Skule er tverrkyrkjeleg, eigd av enkeltpersonar frå ulike kyrkjesamfunn. Skulen vil blant anna ha fokus på å sjå den enkelte, eit godt sosialt og kristent miljø, og utvikling av elevens evner. Skulen vil utvikla elevbedrift, samarbeid med kunstnarar, handverkarar og bedrifter, den vil og nytta frivillige medarbeidarar. Skulen kjem til å ha medlemskap i KP-Nett og KFF.

Arbeidsoppgåver

•            Være med på å utvikla ein framtidsretta skule, med eit godt miljø og gode rutinar

•            Leie og utvikla personalgruppa

•            Leie og utvikla det pedagogiske arbeidet

•            Forvalte skulens budsjett og ressursar på ein god måte

•            Ansvar for skulens HMS og for at gjeldande lovverk vert følgt

•            Utvikla eit aktivt og godt samarbeid med elevane sine foreldre

•            Synleggjera skulens verksemd på ein positiv måte utad

Kvalifikasjonar

•            Du har erfaring med undervisning på kristen skule, gjerne også skuleleiarerfaring og kjennskap til gjeldande lovverk

•            Du har vandra nokre år med Jesus, gjerne også bibelskule, misjonserfaring eller kristen leiarerfaring

•            Du har gjerne også erfaring med talentutvikling, alternativ pedagogikk som Montessori, elevbedrift eller anna framtidsretta undervisningsopplegg

•            Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Utdanningsnivå

•            Adjunkt

Personlege eigenskapar

•            Du er glad i Jesus

•            Du har evner til å inspirera andre, gode leiar- og samarbeidsevner, og er jordnær og visjonær

•            Du har stå-på-vilje, er løysingsorientert, kreativ og målretta       

Vi tilbyr

•            Ein spennande jobb, der du får være med på å utvikla en god skule frå starten av

•            God moglegheit for personleg utvikling

•            Støtte frå skulestyret, KP-Nett og ei positiv foreldregruppe

•            Lønn etter gjeldande tariff og hjelp til å finna bustad, om behov

 

Tilsetjing snarast, men med atterhald om godkjenning av bygg. For meir informasjon, kontakt styreleiar Geir Martin Økland tlf. 90566232. Facebooksida til skulen er: Stord Kristne Skule.

Send søknad, CV, referansar og kopi av attestar innan 1. mai til: gmokland(at)gmail.com.

Powered by Cornerstone