Meny

Lenke til KFFs hjemmeside

Lenke til http://www.kristneskoler.no

Personale til Stord Kristne Skule

Skulen er ny og startar i august 2017.

Stord Kristne Skule søkjer etter personale for skuleoppstart august 2017.

Lærarar
Vi søkjer etter lærarar for inntil tre 100 %-stillingar i gruppene: 1.-4. trinn, 5.-7. trinn og 8.-10.

Fag: Norsk, engelsk, matematikk, musikk, kroppsøving, mat og helse, samfunnsfag, geografi, naturfag, kunst og handverk, KRLE.

Valfag: Sal og scene, media og informasjon.        

Framandspråk: Tysk, fransk, spansk, eller russisk. Eventuelt andre språk.

Stillingane kan også omfatte å være kontaktlærar og spesialpedagogikk.

Kvalifikasjonar

  •            Godkjent pedagogisk kompetanse for tilsetting i grunnskolen  Fagleg dyktigheit og kristen tru
  •            Engasjement for elevens læring, og klar grensesetjing
  •            Gode samarbeidsevner, fleksibel, løysings- og utviklingsorientert
  •            Gjerne erfaring frå kristen skule, misjon, kristent barne- og ungdomsarbeid eller liknande
  •            Erfaring frå fådelt skule er ønskjeleg, men ikkje eit krav
  •            Erfaring med alternativ pedagogikk som Montessori, elevbedrift, eller anna framtidsretta undervisningsopplegg er ønskjeleg, men ikkje eit krav.

 

Anna personale
Vi søkjer etter inntil 100 % stilling som: Kontormedarbeidar, assistent og reinhaldar.

Kvalifikasjonar:

  •            Gjerne erfaring med kontorarbeid, assistentarbeid og reinhald
  •            Gode samarbeidsevner, dyktig, fleksibel, løysings- og utviklingsorientert
  •            Kristen tru, gjerne erfaring frå kristen skule, misjon, kristent barne- og ungdomsarbeid eller liknande

 

Frivillige
Vi søkjer etter frivillige medarbeidarar som kan bidra i skulen. For eksempel pensjonistar, eller andre som har tid og anledning til å bidra i skulekvardagen.

Kvalifikasjonar

  •        Kristen tru
  •        Skulebakgrunn eller erfaring frå kristent arbeid er ønskjeleg, men ikkje eit krav
  •        Ha eit hjarta for dei unge, og å være samarbeidsvillig

 

Følgjande vil også bli vektlagt i alle stillingane:

- Personlege eigenskapar og erfaringsbakgrunn

- Lojalitet mot skulens målsetning både i undervisning og ved eige eksempel

 

Vi tilbyr

  •             Ein spennande jobb, der du får være med på å utvikle en god skule frå starten av
  •             Lønn til alle tilsette etter gjeldande tariff
  •             Hjelp til å finna bustad, om behov

 

Stord Kommune
Kommunen, ligg sentralt mellom Stavanger og Bergen. Øya har ca. 18 000 innbyggjarar, fastlandssamband, eigen flyplass og golfbane. Det er også gode fiskemoglegheiter, og mange flotte turstiar i skog og fjell som ein kan nytta. Stord har et mangfaldig menigheitsliv, og eit rikt kultur- og idrettstilbod.

 

Stord Kristne Skule
Arbeidet med å starte skulen byrja i 2011. Vi har nå godkjenning for maksimalt 150 elevar, 1-10 klasse med SFO, og avtale om å få leige eit bygg som vi er i ferd med å få godkjent. Bygget er i Sagvåg, som er sentralt i forhold til kommunane rundt. Skulen vil være fådelt.

Stord Kristne Skule er tverrkyrkjeleg, eigd av enkeltpersonar frå ulike kyrkjesamfunn. Skulen vil blant anna ha fokus på å sjå den enkelte, eit godt sosialt og kristent miljø, og utvikling av elevens evnar. Skulen vil utvikla elevbedrift, samarbeid med kunstnarar, handverkarar og bedrifter, den vil og nytta frivillige medarbeidarar. Skulen kjem til å ha medlemskap i KP-Nett og KFF.

Politiattest må leverast ved tilsetting, det gjeld også for frivillige. For dei utlyste stillingane tas det atterhald om endeleg ressursbehov.

For meir informasjon, kontakt gjerne styreleiar Geir Martin Økland tlf. 90566232 eller sjå skulen si facebookside: Stord Kristne Skule.

Søknad, CV, og referansar kan sendast innan 7. mai til: gmokland(at)gmail.com, eller til

Stord Kristne Skule
Sæbøsteinen 3.
5412 Stord

Velkommen som søkjar!

Powered by Cornerstone