Meny

Lenke til KFFs hjemmeside

Lenke til http://www.kristneskoler.no

Ledig stilling om lærar i realfag, engelsk og tysk ved Vestborg VGS

Hausten 2019 treng Vestborg VGS nye lærarar. Det gjeld i hovudsak faga engelsk, tysk, matte og fysikk, men også naturfag og historie kan være relevant.

Vestborg VGS er ein kristen vidaregåande skule med internat som ligg i Stranda kommune på Sunnmøre. Skulen er eigd av Norsk Luthersk Misjonssamband og er ein NLMvgs-skule.

Studieretningane ved Vestborg VGS er studiespesialisering, idrett og påbygging. Skulen har om lag 80 elevar frå store delar av landet, og dei fleste bur på skulen sitt internat. Dei tilsette tek del i tilsynsordning og sosialpedagogisk arbeid i internatet. Meir info om skulen på www.vestborg.no

Vi ønskjer tilsette som kan identifisere seg med skulens verdigrunnlag og som vil jobbe for den kristne målsetjinga, ta del i sosialpedagogiske oppgåver og det kristne arbeidet.

Lønn etter KS-regulativ. 

Dei som blir tilsett må levere politiattest.

For spørsmål eller informasjon kontakt dagleg leiar Håkon Hovda, rektor@vestborg.no, tlf 456 07 722 eller 70 26 39 10.  

Søknad, CV og referansar kan sendast til:

Hevsdalsvegen 11, 6200 Stranda – epost: info@vestborg.no       

Søknadsfrist: Så snart som mogleg

Powered by Cornerstone